Søndag 5 juni fører alle vegar til Øvre Skar.

Søndag 5 juni fører alle vegar til

Øvre Skar

Der vi vil markere at eldhuset og stabburet i Øvre Skar nå er ferdig sett i stand til turbruk.

Du kan kome til Skar ved å følgje DNT stigen frå Solbrå og opp lia,eller følgje traktorvegen frå Kilevegen fram til Skar,

eller følgje Pilegrimsleden sørover frå Sødorp

eller delta på DNT tur frå Sulseter til Harpefoss med stopp i Øvre Skar (frammøte ved Kiwi Harpefoss kl 11.00. Påmelding til turen på                tlf 975 38 167 innan 2.juni),

eller delta i markering av Pilegrimsledens dag. Start frå Dale-Gudbrand kl 10.30 eller kl 12.00 frå Sør-Fron kyrkje (etter gudstenesta). Turen går til Sødorp med stopp i Øvre Skar under konserten med Fossajazz.

 

Program for dagen:

Frå kl 12.00       Servering/sal av kaffe, saft og kake i Øvre Skar

kl 13.00              Tur frå Øvre Skar til «Bygdaborga» rett opp for Skar.

Bratt terreng og ein del laus ur. Gode sko er nødvendig.

Kl 14.45             Markering av at husa i Øvre Skar kan takast i bruk i tursamanheng.

Kl 15.00             Dagens høgdepunkt i Øvre Skar:

                            Konsert med trombonegruppa i «Fossajazz».

 

Harpefoss turgruppe ønskjer

Vel møtt!