Lysløyperenn vinteren 2018

Lysløyperenn vinteren 2018

Også i år blir det i samarbeid mellom Sør-Fron, Harpefoss og Gålå idrettsanlegg, dvs at nokre renn blir i Lia, nokre i Hardvollsmorka og nokre på Gålå. Dersom det ikkje er føre i Lia, flyttar vi til Hardvollsmorka og er det ikkje føre der heller så blir det på Gålå. Vi kryssar fingrane for ein fin vinter. Følg med på heimesidene for oppdateringar før renna.

Påmelding fra kl 17.30. Barn i løypa (opp til og med 7 år)starter kl 18.00.Lysløyperenn startar kl 18.30. Påmelding innan kl. 18.15. Tidtaking på alle renn (men ikkje rangering for dei minste). Det er skileik for dei minste før eventuell start i lysløypa.

Alder på barna er det året som dei fyllar i 2018. For barn opp til og med 7 år blir det ei løype som passar for årstrinna. 8 ,9 og 10 år går 1km, 11 og 12 år går 2km, 13 og 14 år går 3km. 15 år og eldre går i utgangspunktet 5 og 10km.

Ansvarleg for skileiken er alle foreldrene som er tilstades! Langrennsutvalet har sett opp arrangørstab og håpar at alle kan møte på sin plass. (Arrangørstaben er ikkje heilt klar enda). Vi håpar dette vil gå like greit som før om åra.

Første lysløyperenn er i Hardvollsmorka tirsdag 9.januar.