Søndag 28.06.15 blir det markert at restaureringsarbeidet i Øvre Skar er kome så langt at det første huset kan takast i bruk i tursamanheng. Det er det vesle eldhuset som nå er rusta opp.
Her finst to sengeplassar, bord og stolar, vedovn og propan, kjøkkenutstyr og dekketøy. Huset vil bli utstyrt med kodelås. Det vil vere oppslag med telefonnummer du kan ringje for å få koden om du ønskjer å bruke huset. Seinare vil stabburet bli set i stand slik at ein får 4 sengeplassar i tillegg.
Markeringa er kl 12.00 og det blir enkel servering og litt både å sjå og høyre.
Til Skar kan du kome på ulike vis. Du kan kjøre vegen opp mot Kile frå Harpefoss til Skarvegen, og gå denne, eller følgje merka stig frå Solbrå og opp Skarsmorka, eller ta Pilegrimsleia frå Sødorp og fram til Skar. Alle tre alternativa er fine turar som er overkommelege for dei fleste.
Harpefoss il. og DNT Gudbrandsdalen ønskjer velkommen!
Har du spørsmål så ring 95818673